24.5.12
FOTOREPORTASJE
Fotoreportasjen fokuserar mest på bileta i reportasjen. Den består gjerne av mange, gode, og fine bilete. I tillegg skal reportasjen i seg sjølv sjølvsagt vere fangande, og interesann.
Eg gjekk på oppdrag i barnehagen. I mitt friår frå skulen jobba eg i Grandmo barnehage, og på den tida dreiv dei å bygde ein ny, stor barnehage som skulle romme begge dei to barnehagane i Gaupne. I haust stod barnehagen nesten ferdig, og det var mange spente born som møtte meg denne dagen. Sju stykkjer var utplukka til å svare meg på dei spørsmåla eg hadde. Me sette oss utanfor den nye barnehagen, pratte om den, sang, og diskuterte det store som skulle skje. Det var ingen tvil om at det var mange spente og glade born her. Etter intervjuet med borna, intervjua eg ei av dei ansette i barnehagen, som hadde jobba der lengst. På denne måten fekk eg den informasjonen eg trengde på plass.
Tilbake på skulen jobba eg med teksten, og sjølve reportasjen. Eg utarbeida overskrift som skulle fange lesaren, hovudbilete som passa, og bilettekst til dei forskjellege bileta. Eg lagde til reportasjen i InDesign, og sidan dette var fyrste gong med dette programmet tok det si tid. Men resultatet blei ferdig, og eg var nøgd.
Dette var eit prosjekt som var midt i blinken for meg sidan eg elskar å skrive.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Ikkje reklame eller spam.
Viss du skal reklamere for eigen blogg blir ikkje kommentaren godkjent eller publisert.