25.5.12

PTF

PTF betyr prosjekt i fordjuping. Me vel eit tema innan media som me sjølv vil, og fordjupar oss i det. Prosjektet gjekk over to månedar.

Eg valde å ha om radio, sidan eg jobbar på lokalradioen vår, Radio Luster. Eg planlagde intervju, avtalar og kåseri. På oppdrag reiste eg med mikrofonen min, og pratte med intervjuobjekta mine om det eg ynskte å veta. Eg lagde eit tankevekkjande kåseri, planlagde og skreiv køyreplan, fann sangar, og redigerte lydopptaka mine. Kvar fredag var eg på Radio Luster og observerte i teknikken, såg på korleis dei redigerte klippa sine, hjelpte til, og var med på sending (som vanleg). Etter eg hadde redigert alle klippa og lagt til sangar redigerte eg saman heile sendinga til eit klipp. Det aller siste var å skrive ein særdeles lang, innvikla, og omfattande rapport. Det var kanskje det aller vanskelegaste med heile prosjektet.

Sendinga er ikkje tilgjengeleg på nett sidan det omfattar nokre personar som eg ikkje har tillatelse frå til å publisere på nett. Kåseriet frå sendinga kan du finne på denne linken:


JOURNALISTIKK


Journalistikk er arbeidet med å dokumentere hendingar i samtida og produktet av denne prosessen.

Dette prosjektet såg eg enormt fram til. Eg visste om ei nyhending som få utanom bygda visste om, og det var ikkje vanskeleg å få "ja" frå intervjuobjektet då eg spure om å få lage sak. Me tok oss ein kveld der me pratte om gamle fakta, og eg fekk lese nokre utdrag frå gamle bøker ho hadde. Eg reiste tilbake på skulen og utarbeida ein reportasje eg var nøgd med. Etter dette hadde eg avtale med ho på nytt, denne gongen for å ta bilete. Bileta var vanskelege å få til sidan det var djup snø ute, og eg sank lenger og lenger ned i snøet etter kvart som eg knipsa bilete. Innandørs var det fortsatt under oppussing, men eg fekk til noko godt brukandes likevel. Denne gongen hadde me kun ei veke på oss til og bli ferdige, men det gjekk så bra så. Eg ordna reportasjen i InDesign slik som sist, og leverte den innan tidsfristen. Denne gongen var eg utruleg nøgd med arbeidet eg hadde lagt ned, deusstan trudde eg at dette var ei sak som fanga, og det hadde eg heilt rett i.

Denne saka kom på trykk i Sogn Avis, og på nettsida deira. Veka etter den stod på trykk omtalte Johs B. Thue reportasjen min som "godt journalistisk arbeid". Eg var glad, nøgd, og ein smule stolt over reportasjen min - og det var intervjuobjektet og.

FOTOBOK


Fotoboka er ei bok med forskjellege bilete tekne av meg. Den har eit spesielt tema, og desse bileta er tekne med forskjelleg bakgrunn for kvart bilete.

Eg valde temaet "Livet sine mørke og lyse sider" som eg kom på sjølv. Her fokuserar eg sterkt på at livet ikkje berre er positivt, men også negativt til tider. At det kan vere vondt, sårt, vanskeleg og hardt å leva. Bildene gjenspeglar både det gledelege og triste som kan skje i livet. Det føl menneske frå dei glade unge år, til livet berre forsvinn sakte ut av kroppen. Til nokre av bileta er det også eit passande sitat. Det er ein djup tekst til kvart emne, slik at det er lettare å forstå kva fotoboka handlar om.

NB: Dette er eit dårleg eksempel av fotoboka, sidan me måtte gjere den om til videoformat. Boka er eigentleg laga i iPhoto, der kvaliteten og teksten er mykje enklare å lese, og mykje finare å sjå på. Musikken er ikkje sjølvvalgt, men kom automatisk då boka blei gjort om til video.

STOP MOTION



Stop motion film er ein teknikk der du får bileta på filmen til å bevege seg av seg sjølv. Ofte brukt i animasjon.

Me valde å bruke bilete, ta mange bilete pr sekund, og settje dei saman til ein fortløpande film. Eg var skodespelaren, medan dei to andre jentene på gruppa fotograferte. Før me starta på fotograferinga, planlagde me og skissa ein storyboard. Når den var klar, reiste me til locationet for filmen, der me tok bileta. Dette gjorde me over fleire dagar sidan de skulle vere så mange bilete. Til slutt redigerte me klippa i Final Cut. Sangen be brukte til filmen er "Another Day" med Paul McCartney.

REKLAMEFILM



Ein reklamefilm er ein reklame om eit spesielt produkt. Den skal underhalde deg, samstundes som den skal gje deg lyst til å kjøpe produktet.

Å lage reklamefilmen var ein lang prosess. Først måtte me skape ein ide, og dette tok lang tid i seg sjølv. Me var uenige om korleis ide me ynskte å ha, og korleis musikk me skulle bruke til filmen. Når me tilslutt blei einige, lagde me ein storyboard. Her teikna me kvar scene, og planlagde korleis scenene skulle sjå ut. Etter å ha jobba lenge med ein storyboard, der me hadde teikna opp dei forskjellege scenene, sette me i gang med å filme. Me filma frå forskjellege vinklar, og var desverre litt uheldig med lyset på nokre av scenene. Dei ferdige klippa redigerte me i Final Cut, og her var redigeringa individuell sånn at me kunne redigere slik me tykte det blei best. Som musikk til filmen hadde me Foreigner med "Cold as ice" sidan dette var ein del av planlegginga. Sangen passa til handlinga i filmen. Individuelt tok eg med "Hot as ice" av Britney Spears i byrjinga av filmen, dette fordi eg tykkjer sangen høyrest litt "bitchy" ut.

WEBDESIGN


 Webdesign er å designe ei heimeside, med bilete, kodar, tekst og informasjon.

Dette er skissa mi av det som kunne blitt ei heimeside. Eg har fokuserte på ei heimeside om Britney Spears, og utforma den med bilete av ho. Dei tre bileta av ho til høgre er liksom knappar som skal føre deg inn på vidare informasjon.

24.5.12

FOTOREPORTASJE



Fotoreportasjen fokuserar mest på bileta i reportasjen. Den består gjerne av mange, gode, og fine bilete. I tillegg skal reportasjen i seg sjølv sjølvsagt vere fangande, og interesann.

Eg gjekk på oppdrag i barnehagen. I mitt friår frå skulen jobba eg i Grandmo barnehage, og på den tida dreiv dei å bygde ein ny, stor barnehage som skulle romme begge dei to barnehagane i Gaupne. I haust stod barnehagen nesten ferdig, og det var mange spente born som møtte meg denne dagen. Sju stykkjer var utplukka til å svare meg på dei spørsmåla eg hadde. Me sette oss utanfor den nye barnehagen, pratte om den, sang, og diskuterte det store som skulle skje. Det var ingen tvil om at det var mange spente og glade born her. Etter intervjuet med borna, intervjua eg ei av dei ansette i barnehagen, som hadde jobba der lengst. På denne måten fekk eg den informasjonen eg trengde på plass.

Tilbake på skulen jobba eg med teksten, og sjølve reportasjen. Eg utarbeida overskrift som skulle fange lesaren, hovudbilete som passa, og bilettekst til dei forskjellege bileta. Eg lagde til reportasjen i InDesign, og sidan dette var fyrste gong med dette programmet tok det si tid. Men resultatet blei ferdig, og eg var nøgd.

Dette var eit prosjekt som var midt i blinken for meg sidan eg elskar å skrive.

MOODBOARD


Ein moodboard er ein slags plakat som består av forskjellege objekt, bilete, og kanskje tekst.

Då eg laga moodboarden min avspegla den humøret mitt på det tidspunktet. Eg tok dei bileta eg hadde på macen, som først fallt meg inn. I staden for tekst limte eg inn eit svakt bilete av tatoveringen min som seier "Love builds bridges where there are none". Dette sitatet forklarar eigentleg moodboarden i seg sjølv.

REKLAMEPLAKAT OG EMBALASJE








Reklameplakaten eg har laga her reklamerar for eit vaskepulver eg har funne opp, og designa sjølv. Den skal fange merksemda til deg som kjøpar og gje deg lyst til å kjøpe vaskepulveret.

Det fyrste eg gjorde i dette prosjektet var å utvikle ein ide. I hovudet såg eg føre meg ein trist dalmantiner, som så gjerne ville bli kvitt flekkane sine, og det kunne han bli med vaskepulveret mitt. For det skulle fjerne sjølv den mest vanskelegstilte flekk. Eg skissa embalasjen, og skjønte fort at eg måtte teikne dalmantineren sjølv. Den skulle nemleg vere trist, og ved sidan av skulle den vere på nytt, no glad fordi den var kvitt flekkene. "Før" og "etter" skulle det stå på embalasjen. Etter eg hadde teikna, scanna eg den inn på macen og byrja å lage embalasjen i Illustrator.

Det tok ei stund, men heldigvis hadde eg ikkje så mykje detaljar. Eg fokuserte på det enkle, og lot bilkkfanget bli hundane. Dette fungerte veldig godt, og resten av embalasjen pynta eg med svarte flekkar. Då embalasjen var ferdig limte eg den inn på eit dokument i Illustrator, før eg byrja å reklamere for mitt eige produkt i form av tekst. Reklameplakaten blei oppsiktsvekkjande, og ferdig.